Den nyaste konkurransen til Ekstremsportveko, Horgi Ned, satsar friskt på triathlon-konseptet i år igjen. Måndag 28. juni er det klart for ski frå Lønahorgi, sykkel frå Afdal og padling i Strandaelva. Du kan delta på lag med tre eller som individuell, og påmeldinga startar laurdag 1. mai kl 20.00 til horgined@ekstremsportveko.com.
Hugs å skriv namn, telefonnummer og mail. Lag må ha ein "lagkaptein" som er ansvarleg for påmeldinga. Skriv også kven som skal ha kva etappe.