EKSTREME TYPER: Dag Sandvik (bak) styrer Petter Northug ned den temmeleg spektakulære Myrkdalselva med et sikkert smil. Foto: Kristian Jøndal
Lesetid: 5 minutter
Dag Sandvik melder dagleg frå Ekstremsportveko på Voss. Les om fossepadling med oppblåsbar leike og pride og endurosykling i hans to første rapporter.
Dagens rapport er av det temmeleg spektakulære slaget:
Petter Northug – eit slags portrettintervju
Mannen som i årevis audmjuka heile Sverige verre enn Christian Michelsen klara i åra rundt 1905, er på den eine sida kjend som ein folkeleg rabagast, og på den andre sida ein mytisk halvgud med evner til å hente fram uverkelege krefter når det stormar som verst.
Om han hadde hatt litt meir flaks i oppveksten kunne han, med desse eigenskapane, vorte ein legendarisk ekstremsportutøvar. Denne Veko skal han i det minste prøve seg på fallskjermhopping og elvepadling, som TV2 sin perfekte ankermann. Det er i denne konteksten me møtes under dei tette ospelauva i Myrkdalen.
– Kva er eigentleg meininga med livet, Petter?…seier eg litt ut av det blå.
– Det var eit voldsamt spørsmål å komme med før lunsj.
– Men det kjennes jo relevant ut her på kanten av elva. Gjer det ikkje?
– Tja. På sett og vis.
Me sit oppå kajakken og ventar på ei forløysing av det vanlege kaoset som er involvert når eit produksjonsteam frå TV skal lage eit nøye planlagt ekstremsportstunt.
Petter trur det er difor han er her. For å laga TV. Og det er eigentleg greitt at det er slik. Det er lettare å få eit personleg og nært intervju når ein berre sit slik og pratar.
– Men er du redd no? Eg har ikkje prøvd å ta ein tandemkajakk ned her før, og dei fleste erfarne padlarar har litt respekt for dette fallet.
– Redd, ja! Eller nervøs kanskje. Eg var skikkeleg avslappa og loose i dag tidleg etter å ha gjort mitt første fallskjermhopp i går. Men no er eg faen meg meir spent enn eg var oppe i flyet i går.
– Hehehe. Eg hadde eit tandemhopp i fjor sommar, og herre jesus for eit kick det var å ramle vektlaus ut av det flyet. Har aldri opplevd makan.
– Eg er så stiv i skuldrene etter all langrenninga at eg gjekk inn i stup når eg skulle trekke skjermen. Eg berre akselererte og trudde aldri skjermen skulle opna i tide. Drit skummelt.
– Vel vel, det ser ut som dei er klare med kamera no.
Me tar av og på hjelmar nokre gonger medan dei filmer, og eg studerer mannen som prydar omslaget på idrettspsykologiboka Norske vinnerskaller. Målet med å ta Petter opp hit var å lære kva ein vinnarskalle vil gjere for å takle presset ein møter på ei flaumstor elv. Men det må vere mi hemmelegheit.
– Det er veldig viktig at du er avslappa i hoftene og roleg i rørslene før droppet. Worst case her er å miste kontrollen på toppen. Då stuper me på hovudet ned i steinrøysa. Det er ikkje bra.
– Nei, det er det ikkje.
– Men eg trur det skal gå fint. Det verkelege problemet er at me har 50-50 sjanse for å komme gjennom vaskemaskina i botn utan å velte. Om det skjer, må du ut av kajakken. Då koker det som eit helvete rundt deg, men det overlever du.
– Ok. Den er grei.
TV-teamet har bede meg smøre tjukt på, og framstille dette som livsfarleg. Slikt vert det bra TV av, seier dei. Lite veit dei om at eg ikkje smører tjukt på, og sjonglerer intenst mellom eigne teknikkar for å halde roa og nervøsiteten under kontroll. Slikt vert det eit bra portrettintervju av, tenkjer eg.
– TV-folka vil at eg skal fyre opp under nervøsiteten. Men går det greitt med deg? Stolar du på meg?
– Eg kjenner det godt no, men eg trur du har kontroll. Du har det sant?
– Ja, eg har vel det.
Eg håpar eg har det, der me sit i siste bakevje og ser ned elva som har stige brutalt med nattas regn. To store skråbølger skal passerast før me tek venstresvingen inn mot droppet og let det stå til. Berre me har kontroll til kanten er det bra. Alt nedanfor kan Victor og Ruben, dei to tryggleiksfolka, rydde opp i.
– Da du vann VM-gull på femmila i Kollen, måtte du ut å gå mellom publikum for å få opp spenninga i kroppen. Det behovet har du kanskje ikkje no?
– Hahaha. Du har lest boka, ja?
– Eg har det, seier eg med eit lunt smil.
– Nei, no er det eit anna spenningsnivå. Og det er godt.
– Hm. Godt. Eg føler eg må jobbe knallhardt for å roe meg ned når hendene mine skjelv slik som dine gjer no.
– Heh! Dei skjelv jo ukontrollert. Eg har alltid brukt slik spenning til å hente ut det som bur i meg. Å vere tend på denne måten gjer berre godt, så lenge eg veit kva eg skal og har trua på meg sjølv.
– Sjølvtillit. Det har vel aldri vore eit problem, eller?
– Nei.
Eg løftar åra vertikalt i lufta som teikn til kamera-crewet der nede. Dei er klare.
– Er du klar, Petter?
– Ja.
– Då er det berre å gje gass. Hugs å lene deg fram.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.