/ Padling

«Bygningane våre er viktigare enn naturen»

– Om me klarar å investera i og ta vare på naturen vår, vil eg seia at Voss framleis er verdas råaste plass å leva, sier Silje Skorve Paulsen om elveutbygging på Voss.

Sist oppdatert: 8. september 2016 kl 12.58
ELVEPADLER: Silje Skorve Paulsen er selv aktiv elvepadler. Her fra Brandsethelva. Foto: Tore Meirik
ELVEPADLER: Silje Skorve Paulsen er selv aktiv elvepadler. Her fra Brandsethelva. Foto: Tore Meirik

Me kan ikkje la vatnet belasta oss menneske med å herja slik!

Bygningane våre er viktigare enn naturen!

Dessutan må me redda klimaet!

silje
silje

Me ynskjer å utvikla Voss vidare med ei god framtid i sikte. Lat oss sjå på kva me har gjort fram til no - for å tenkja oss fram til moglege resultat av nye handlingar. Forenkla oppsummering:

1. 1987: Me ynskjer meir jordbruksareal i nordenden på Myrkdalsvatnet. Myrkdalsvatnet vert senka ved å utvida utløpet. Elva får større fart ut av dalen. Vatnet sitt naturlege magasin for å dempe flaumtoppane - våtmark områda - vert forstyrra. Det vert større problem med flaum lenger ned i vassdraget.

2. 1991: Me senkar Vangsvatnet ved å utvida utløpet på Bulken. Ved neste flaum ser me at vatnet går fortare ut av Vangsvatnet, men hopar seg opp ved Evanger.

3. Me byggjer fleire bygg nær flaumsona på Vangen.

4. Me fråtsar i natur-ressursar, sløser med energi, bruk og kast.

5. Nådelause stormar og endringar i vêret gjer seg gjeldande.

6. Ytterlegare flaumskadar på bygga våre.

7. 2016: Me byggjer ut Raundalselva og hoppar tilbake til pkt. 3? Kva tiltak kjem då på pkt. 7?

Køyr debatt! Eg byrjar:

Me vil altså verna Vangen mot vatnet igjen. Flaumane har vorte større, hyppigare. Flaumsona er utvida. Argumenta om vasskraft frå Raundalen er soleklare og lett forståelege. Eit kraftselskap sin våte draum om å bygga ut elva byrjar å sjå oppnåeleg ut.

Me bruker svært gjerne klima som argument for å gjera fleire inngrep i naturen - i staden for meir fokus på energisparing. Me snakkar om å kontrollera vassdraga slik at me kan byggja i elva sitt no utvida leie. Me snakkar om vasskraft slik at det er økonomisk forsvarleg.

Ein treng ikkje anstrenga seg for å sjå økonomisk gevinst ved kraftutbygging saman med flaumsikring. Langtidseffekten på omgjevnader og økosystem når ein gjer slike inngrep i naturen, er derimot ubehageleg å tenkja på. Rekkjevis av forskingsrapportar syner kor viktig nærleik til natur er for menneska.

Eit samfunn prega av velstands-sjukdomar kan få enorme helsemessige verdiar frå natur og friluftsliv - men desse verdiane er vanskelege å måla i kroner. Dei bør likevel takast med i eit meir heilskapleg og samfunnsøkonomisk perspektiv. Me ser alt på løysingar som minskar behovet for energi - samtidig som me kan få auka livskvalitet. Me kan velja å investera i prosjekt som ikkje inneber å øydeleggja verna natur, men heller nytta dei unike verdiane meir aktivt med tilbod til innbyggjarar og besøkande.

Kommunestyret gjorde mange av oss stolte i 2012 då dei valde å ikkje jobba vidare med oppheving av vernet til Raundalselva. Vossapolitikarane såg verdiane i å halda den unike elva urørt og kva det betyr for bygda. Den nye debatten minner om ein saus. Ei glatt blanding av «flaumsikring, vasskraft og kapital» - men med irriterande klumpar av «omsyn til natur, miljø, friluftsliv og folkehelse».

Fleire stader i landet har liknande debatt. Den har sklide ut. Oppeheving av vern! Kan me tenkja oss Noreg utan litt av den ville naturen me er så stolte av å visa fram? Som me sjølve nyttar som depresjonsmiddel i ein kvardag omgitt av skjermar og betong? Lat oss tenkja over kva landskap me ynskjer at borna våre skal ha tilgang til.

Tenk om me kan leggja til rette for at elva stundom kan få spektakulær høg vassføring - utan at innbyggjarar må lida. Elva har vore der lenge - saman med artane som lever i og rundt vassdraget. Er det mogleg å balansera våre behov for livskvalitet med naturen sitt økosystem? Menneske, mose, rumpetroll og vatn. Me lever i eit kretsløp. Me er avhengige. Menneske er natur.

Storflaum er problem me har hanskast med tidlegare. Me har erfaring med ulike tiltak. Me veit korleis det går når me forskyv problema. Dei vert større etter kvart. Me får andre problem. På tide å tenkja nytt. Omstilling. Debatten må handla om korleis me kan leva og utvikla oss med jorda slik den oppfører seg no og framover.

Om me klarar å investera i og ta vare på naturen vår, vil eg seia at Voss framleis er verdas råaste plass å leva. Det vil sikkert fisken også tenkja, men det skal eg ikkje lata som eg veit noko om.

Publisert 8. september 2016 kl 12.58
Sist oppdatert 8. september 2016 kl 12.58

Relaterte artikler

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen