/ Nyheter

Store planer for Strandafjellet

Det er planer om en gigantisk utbygging av Strandafjellet skisenter i Møre og Romsdal.

Sist oppdatert: 23. mars 2006 kl 15.31
Skisse av det nye Strandafjellet skisenter
Skisse av det nye Strandafjellet skisenter
Lesetid: 2 minutter

- Ein modell over ”Nye Strandafjellet skisenter” viser bygningar, heisar og bilparkering på begge sider av dalen. Den vanskelege trafikksituasjonen med kryssing av riksvegen vil bli løyst med ei bru som får sju meters opning over køyrebanen, skriver lokalavisa Sunnmøringen i dag.

- Vi satsar på å gjere Fursetsida endå meir familie- og barnevenleg enn no, sa ordfører Karl Magnus Eriksen til lokalavis og fortalde at det store ynsket er ein heis mot Langedalsegga. Den vil opne for eit flott turterreng også sommarsdag.

Heis mot Roalden er også med i planane, men blir kanskje ikkje det første det blir satsa på.

- Vi får ta steg for steg, sa Karl Magnus Eriksen, som straks fekk høyre frå ordførar Frank Sve at målet må vere å få det kanskje beste skianlegget på Norge. Vilkåra ligg til rette for det, slo ordføraren fast.

- Eg trur det blir kamp om å få bygge ut Hevsdalen, sa Sve, og fortalde at kommunen står framfor rullering av kommunedelplanen. Her vil detaljane i den nye planen, som er laga av Kosberg Arkitektkontor i Molde, bli lagt inn.

Mimir, eit selskap som driv med reiselivsplanlegging, la fram eit forstudie for Stranda som utvida reisemål. Dagleg leiar Bård Jervan sa at ei cruisekai kan opne for både vinter- og sommarturisme, og meinte at bygda har eit betydeleg potensiale i ”framsida av Roalden” med Langlo som baseområde. Ein gondolbane til toppen av Roalden bør vere meir enn ein idé.

Publisert 23. mars 2006 kl 15.30
Sist oppdatert 23. mars 2006 kl 15.31
 

Relaterte artikler

 

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen

Store planer for Strandafjellet | FRIFLYT.NO