/ Nyheter

Søknadsfrist for veko-trainee

Ekstremsportveko på Voss er på jakt etter ein ny prosjektleiar. For 2007-sesongen søkjer dei difor etter ein trainee. Søknadsfristen er 8. august.

Sist oppdatert: 6. august 2006 kl 22.14
Lesetid: 2 minutter

Ekstremsportveko vart for fyrste gong arrangert i 1998 og har sidan den gong opparbeida seg ein posisjon som verdas største og mest unike ekstremsportarrangement. Stiftinga Ekstreme Voss, med klubbane Voss Fallskjermklubb, Voss Rafting Klubb, Voss Hang- og Paraglidarklubb og Voss Kajakk klubb, står bak arrangementet.

Her er det dei skriv i utlysinga etter trainee:

"Ekstremsportveko starta i det små, tufta på eit brennande engasjement for naturbaserte aktivitetar i vill vestlandsnatur. Arrangementet er framleis tufta på dugnad, men har i løpet av dei siste åra opparbeida seg ein posisjon som verdas største ikkje-kommersielle ekstremsportarrangement. Ein viktig grunn til dette er at ”veko” ikkje handlar kun om sport. Musikk og kultur har vore ein viktig del av festivalen i mange år, og kvart år arrangerer me ein eigen musikkfestival som går over tre dagar. Denne foreininga av to ulike spekter innan kulturlivet har gjeve oss ei særstilling i den norske festivalfloraen.

Arbeidsoppgåver
Stillinga omfattar alle prosessane i samband med festivalen. Døme på arbeidsoppgåver er inngåing av samarbeidsavtalar, innhenting av løyver, økonomi, marknadsføring, koordinering av sport- og festivalprogram, etc. Ein viktig del av arbeidet vil vera den praktiske gjennomføringa av festivalen i 2007. Vedkomande kjem til å jobba tett med noverande dagleg leiar og målsetjinga er at vedkomande skal kunna overta som dagleg leiar på sikt.

Kvalifikasjonar
Me er på jakt etter eit talent innan prosjektleiing. Talent og personlege eigenskapar er viktigare enn ei formell utdanning, men høgare utdanning er heilt klart eit pluss. Viktige kvalifikasjonar for stillinga er stor arbeidskapasitet, initiativ, eit stort nettverk og gode IT kunnskapar.
Kort om stillinga
Arbeidsstad: Voss
Løn: etter avtale
Tiltreding: etter avtale
Språk: nynorsk og engelsk
Søknad
Søknadsfrist: 8. august, 2006
Søknad inkludert CV skal sendast til: erik@skigutane.com"

Publisert 6. august 2006 kl 22.14
Sist oppdatert 6. august 2006 kl 22.14
annonse

Relaterte artikler

annonse
Ole Christian Mork Fri Flyt
Flere gjester hos SNØ enn i fjor sommer

Økning i antall sommergjester hos SNØ

Shishapangma Kristin Harila rekord
Besteg Shishapangma

Rotteracet har startet

LIGHT LINES: Pengene fra auksjonen av bildet fra Store Ringstind i Jotunheimen skal gå til kampen mot utbyggingen.
Bruker fotoprosjekt i kamp mot regjeringens planer

Auksjonerer bort bilde i kampen mot myndighetenes omdiskuterte planer

KLAR: Når Kristin Harila setter seg mål går hun all-in. Nå er hun klar for verdensrekordforsøk. Foto: Privat
Kristin Harila vil bestige 14 fjell over 8000 meter

Prøver igjen: – Kan bli historisk i sitt nye forsøk

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen