/ Nyheter

Skywalkers går for medalje

Laurdag 5. august startar VM i fallskjermhopping. Noreg stiller med ein delegasjon på fire lag, der to av dei har seriøse ambisjonar om å hente med seg edelt metall heim frå den tyske byen Gera. Ein i formasjonshopping og ein i freeflying. Fri Flyt tok ein prat med freefly-laget Skywalkers.

Sist oppdatert: 1. august 2006 kl 08.49
VM-KLARE: Skywalkers i aksjon.
VM-KLARE: Skywalkers i aksjon.
Lesetid: 2 minutter

Austlendingane Mathias Holtz og Kristian Moxnes er artistane på laget, og dei har med seg videofotograf og bergensar Erling Strømmen. Skywalkers har vunne NM dei siste tre åra og representerer dei norske fargane på internasjonale konkurransar.

- Målet er å slå USA og Tyskland, seier Holtz. Då har me sannsynligvis berre dei to franske lagene forran oss, og dei er umulige å slå uansett. Russland og Italia er òg gode. Men me er betre.

- Er ikkje det litt pessimistisk og sei at ein ikkje kan slå franskmennene uansett.

- Jo. Dei kjem sikkert til å gjere ein feil. Og so vinn me heile driten...

- Kor dårlige klarar de å bli på ein dårlig dag då Moxnes?

- Det er 17 lag med, men me klarar ikkje bli dårligare enn 10. Egentlig skal det godt gjerast og verta verre enn 6.-7. Me kom på 5. i world cup i fjor, og 2. i EM, og me er betre i år. Uansett er det kjekt å møte på dei andre laga og sjå korleis flygestilane har utvikla seg i andre verdensdelar sidan sist. Lære dei andre nokre nye moves...., og kanskje plukke opp nokre nye triks sjølve óg.

- Kva skal til for å bli god i freeflying ?

- Tja...Hoppe mykje!, seier Holtz, eller kva seier du Kristian?

                                                                                              

- Jo klart. Ein må like å drive med akrobatikk og balanseøvelsar, og sjølvsagt trene mykje, hoppe mykje. Me har vel rundt 7000 hopp totalt. Dei fleste på Voss.

- Kva gjer at de driv med freeflying?

- Å fly kroppen i frittfall. Fly i stor hastigheit med ubegrensa bevegelsesmuligheiter utan å bruke mykje krefter. Det gjev ein ven friheitsfølelse. Litt som med pudderkøyring seier Moxnes.

- Kva skjer om de vinn? Vert de rike og berømte?

- Nei....., då vert me vel invitert på ein del boogiar rundt om i verden. Da vert feita. Men fyrst skal me tilbake til Voss på NM i freefly og swooping, og so er det vel VM i swooping i Østerrike veka etter det om me har råd å reisa, avslutter dei travle og allsidige fallskjermhopparane.

Tekst: Anders Flatlandsmo

Publisert 1. august 2006 kl 08.42
Sist oppdatert 1. august 2006 kl 08.49
annonse

Relaterte artikler

annonse
Ole Christian Mork Fri Flyt
Flere gjester hos SNØ enn i fjor sommer

Økning i antall sommergjester hos SNØ

Shishapangma Kristin Harila rekord
Besteg Shishapangma

Rotteracet har startet

LIGHT LINES: Pengene fra auksjonen av bildet fra Store Ringstind i Jotunheimen skal gå til kampen mot utbyggingen.
Bruker fotoprosjekt i kamp mot regjeringens planer

Auksjonerer bort bilde i kampen mot myndighetenes omdiskuterte planer

KLAR: Når Kristin Harila setter seg mål går hun all-in. Nå er hun klar for verdensrekordforsøk. Foto: Privat
Kristin Harila vil bestige 14 fjell over 8000 meter

Prøver igjen: – Kan bli historisk i sitt nye forsøk

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen