/ Nyheter

Fjellsportfestival i Sogndal

I slutten av februar inviterer ski- og fjellsportmiljøet i Sogndal til bratt moro, ski, klatring og festivalcamp under Europas beste klatrevegg.

Sist oppdatert: 19. desember 2007 kl 13.58
Fjellsportfestivalen inviterer til klatring og toppturer i Sogndalsfjell. Bilde: Tor Ytrri
Fjellsportfestivalen inviterer til klatring og toppturer i Sogndalsfjell. Bilde: Tor Ytrri
Lesetid: 2 minutter

Den nye festivalen skal hete Fjellsportfestivalen og bak initiativet står en stor gjeng med ivrige klatrere og skikjørere. De har sendt oss denne pressemeldingen:

Jentene og gutane bak Fjellsportfestivalen lovar mykje bratt moro i sogndalsfjella frå 20.- til 24. februar 2008.

Med festivalcamp i Sognahallen der deltakarane kan slå opp telt på fotballkunstgraset, ligg teltleiren rett under The Wall, Europas største og beste innandørs klatrevegg. Festivalcamp med klimagaranti.

Bussar skal transportera oss frå campen og opp til snørike Sogndalsdalen, der det vert guida toppturar, isklatring, snøskredkurs, jibbekurs og Big Jump-konkurranse og fjellrenn med over 800 fallmeter. Det vert også sett opp bussruter med spesialrabatt frå og til dei største norske byane. Me skal også laga mykje moro for barnefamiliar og har sikra oss eit eige festivalhotell med hyggjelege festivalprisar for dei som ikkje vil liggja i telt.

Me veit at jentene er minst like interessert i bratt moro som gutane. Jentesjefane våre, Kristina Klokkehaug og Åse Tveite Bystøl, har bestemt at Fjellsportfestivalen skal ha eksklusive jenteturar, isklatrekurs for jenter, jentebuldring og storhoppkurs for jenter, i tillegg til det ordinære programmet som sjølvsagt er ope for alle.

– Ofte vert slike samlingar og campar på gutane sine premissar. Difor nokre eigne jentesaker, seier Åse og Kristina.

Fjellsportfestivalen set høgre krav til kvalitet og tryggleik.Difor er det berre internasjonalt godkjende tindevegleiarar som skal føra på toppturane våre og halda kurs i isklatring, skredkurs og skredredning med førstehjelp. Sogndal og Sogn er i ei særstilling når det gjeld tilgang på kunnskap innan bre- og fjellføring. Det er ingen stad i landet tettleiken av internasjonalt godkjende tindevegleiarar er større enn her. Det er kun desse som får lov til å føra på toppturane våre og halda isklatrekurs, skredkurs osv.

Fjellsportfestivalen har eit rikt program for kunnskapstørste med seminar kvar dag der fjellsport er hovudtema. I samarbeid med sogndalsstundentane og Veka '08 kan vi også by på konsertar med store artistnamn.

Mer informasjon ved å klikke på linken til høyre.

Publisert 19. desember 2007 kl 13.58
Sist oppdatert 19. desember 2007 kl 13.58
annonse

Relaterte artikler

annonse
Ole Christian Mork Fri Flyt
Flere gjester hos SNØ enn i fjor sommer

Økning i antall sommergjester hos SNØ

Shishapangma Kristin Harila rekord
Besteg Shishapangma

Rotteracet har startet

LIGHT LINES: Pengene fra auksjonen av bildet fra Store Ringstind i Jotunheimen skal gå til kampen mot utbyggingen.
Bruker fotoprosjekt i kamp mot regjeringens planer

Auksjonerer bort bilde i kampen mot myndighetenes omdiskuterte planer

KLAR: Når Kristin Harila setter seg mål går hun all-in. Nå er hun klar for verdensrekordforsøk. Foto: Privat
Kristin Harila vil bestige 14 fjell over 8000 meter

Prøver igjen: – Kan bli historisk i sitt nye forsøk

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen