Vi vil ha gondolfri Jostedalsbre

KRONIKK: Jostedalsbreen kan bli neste offer for gondol-kannibaliseringa i vestnorsk natur. Om firmaet Jostedalsbreen AS får gjennomslag for planane i Sunnfjord kommune, vil det årleg fraktast 100.000 turistar opp til nasjonalparkgrensa på Tverrfjellet i Jølster.

Sist oppdatert: 11. november 2024 kl 12.35
fjelltur over kjøsnesfjorden
GONDOL, NEI TAKK: Flott fjelltur, med utsikt over Kjøsnefjorden. Foto: Brit Siv Fimland
Lesetid: 4 minutter

Toppstasjonen er planlagt i underkant av 100 meter frå grensa i bratt og utfordrande brelandskap.

Firmaet, beståande av lokalt næringsliv, har fått støtte av fleirtalet i lokalpolitikken før prosjektet er konsekvensutgreidd.

Om prosjektet får politisk gjennomslag, vil det få store ringverknader for alle 48 nasjonalparkane i landet. Kva type aktivitet og masseturisme er greitt å leggje til rette for i nasjonalparkane våre?

Kva respekt skal vi ha for randsonene?

Og ikkje minst, korleis ønskjer vi å ta vare på Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet, for framtidige generasjonar?

Kronikk

Kronikken er signert interessegruppa Gondolfri Jostedalsbre, ved Ida Juklestad, Stein P. Aasheim, Jarle Mundal, Sigurd Nordeide-Felde, Ragnhild Kjøsnes, Elisa Sunde, Sigurd Løseth, Ole Magnus Kapstad, Kristina Juklestad, Janne Elin Hårklau, Maria Ljunglöf, Brit Siv Fimland, Eirin Støfringsdal, Kjell Lyngstad og Anne Cecilie Kapstad.

Sårbar og verna natur ofrast

På regjeringa sine sider vert nasjonalparkane omtala som indrefiletane av norsk natur.

Eit av måla bak Jostedalsbreen nasjonalpark er å sikre oppleving av urørt natur, og gi tilgang til enkelt friluftsliv utan teknisk tilrettelegging. 

Gondolplasseringa er tett på fjellområda som er viktig vinterbeiteområde for villrein, og er ikkje eitt av dei fire områda av nasjonalparken som er blitt kartlagt godt nok. Vi fryktar at det er mangelfull kunnskap om naturmangfald og artar i området. Besøksstrategien for denne nasjonalparken viser at både sårbart morenelandskap, typar vegetasjon og artsmangfald vert utfordra av auka ferdsel.

Tilpassing av turen til Skålatårnet med steinlagte trapper har opna området for ei breiare besøksgruppe i verna område. Samtidig har det resultert i utfordringar med auka belastning.

Sjølv om stien er tilrettelagt, må alle sjølve gå dei 1800 høgdemeterane opp. Turen er krevjande, og det vil aldri bli masseturisme på Skåla slik ein gondol vil generere på Tverrfjellet i Jølster.

Tilrettelegginga og marknadsføringa av Skåla har hatt sin pris for vernet av nasjonalparken.

Vi stiller spørsmål ved korleis dette vert rundt Tverrfjellet når det her er snakk om 100 000 (!) besøkande kvart år, som berre treng å gå to steg for å kome seg opp. Eit steg inn i gondolen, og eit steg ut av den.

Tverrfjellet jostedalsbreen
Frå toppen av Tverrfjellet der gondolen planleggast er det utsikt over Kjøsnesfjorden og Lundebreane, som er del av Jostedalsbreen nasjonalpark. Foto: Brit Siv Fimland

Fleire redningsaksjonar?

Toppstasjonen vil frakte dei besøkande rett opp til eit komplekst brelandskap.

Rett ved går fjellskiruta «Josten på langs» og ferdselsvegen over breen mellom Jølster og Fjærland. Området er brukt til eit variert friluftsliv med klatring, skisport og fjellvandring opp til nasjonalparken via Lundeskaret, som er DNT si brattaste T-merka sti.

Lokale fjellfolk stiller spørsmål ved driftsdøgn fordi vêrtilhøva i områda kan vere krevjande.

Uerfarne turistar utan kunnskap skal transporterast opp til eit bratt og komplekst brelandskap. Allemannsretten til å gå ut av toppstasjonen og inn i landskapet gjeld vel og for dei som tek gondol? 

Kjende  tindevegleiarar og erfarne fjellfolk har åtvara mot planane i frykt for at gondolen vil medføre fleire redningsaksjonar. Aksjonar som oftast skjer med bruk av frivillige krefter.  

Respekt for randsonene til nasjonalparkane

Ved opprettinga av nasjonalparken i 1991 vart grensa tilpassa slik at ein kunne bygge det planlagde kraftverket i Kjøsnesfjorden. Det vart pålagt strenge byggekrav om å tilbakeføre området så urørt som mogeleg. Noko som er gjort.

Utan kraftverkplanar i forkant av etableringa av nasjonalparken ville nok grensa vore langt inn i det som i dag er randsone, altså inn i området der gondolen planleggast.

Randsona i dette området har i år fått ein høgare verdi enn mange andre stader rundt Jostedalsbreen. I 2024 bestemte Riksantikvaren at delar av Jølster skulle bli eit KULA-område.

Landskapet og naturen, som ein kan sjå i Nikolai Astrup sine motiv, er eit kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse for Riksantikvaren.

På kartet kan ein sjå at KULA-området i Jølster stemmer godt med besøksstrategien til Jostedalsbreen nasjonalpark sitt kart over kva som vert rekna som randsone.

KULA-område

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.

Kilde: Riksantikvaren

tverrfjellet med utsikt over kjøsnesfjorden
MOTSTAND: Gondolfri Jostedalsbre markerte opninga av Friluftslivsveka 2024 med tur til området der gondolen planleggast i Jølster. Foto: Britt Siv Fimland

Nasjonalparkane treng nasjonalt engasjement

Ordføraren i Sunnfjord omtalar gondolen som eit viktig fyrtårn, og framstiller det som uproblematisk å bygge i randsona til nasjonalparken. I svar til stortingspolitikar Alfred Bjørlo (V), svarar klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) at Sunnfjord kommune må ta omsyn til naturmangfaldlova i planarbeid tett på nasjonalparken. 

Bjørlo har på Stortinget sagt at norsk natur vert offer for «heime åleinefestar» i lokalpolitikken.

Haldninga til styrande lokalpolitikarar i Sunnfjord til å ofre naturen i eit KULA-område, tett på nasjonalparkgrensa, viser at det hastar å få på plass nasjonal oversikt.

Om gondolplanane til pengesterkt næringsliv i Sunnfjord får politisk medvind både lokalt og nasjonalt, vil det framover bli vanskelegare å stogge tilsvarande tilrettelegging for masseturisme i dei andre 48 nasjonalparkane.

Det er viktig at heile landet følgjer med på utviklinga i gondolsaka i Sunnfjord.

Det trengs eit breitt nasjonalt engasjement, og eit nytt politisk syn på verdien av vern av nasjonalparkane våre!

Les også
LES OGSÅ
fjellturer i Jølster
Oversiktskart over Sørsida av Jølstravatnet og Kjønesfjorden. Frå Toppturar i Sunnfjord.
Publisert 11. november 2024 kl 08.35
Sist oppdatert 11. november 2024 kl 12.35

Relaterte artikler

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen