Innlegget en meningsytring. Den gir uttrykk for skribentens holdninger.
Alle som likar vinteren, veit at klimaendringane er her allereie no. Me kan sjå det på dei stadig krympande isbreane og det stadig meir uføreseielege vintervêret. I Alpane er det endå verre.
Der er drikkevatnet òg truga av meir varierande snømengder.
Om ikkje alle nordmenn er der at dei les Fri Flyt jamleg, kan ein seie at me er eit folk med eit nært forhold til vintersport. Berre sjå på kor mykje pengar me brukar på skiutstyr kvart år.
Samstundes er me lite villige til å bruke røysteretten vår for å sikre at me kan halde fram med å gå på ski i åra som kjem.
Kronikk
Jørgen Næss Karlsen er fagrådgiver i Naturvernforbundet.
Og sjølv om mange av oss røystar for vinteren, har me ikkje høg nok røyst til at andre skal gjere det same.
No må me slutte å berre murre om dårlege snøforhold og byrje å rope høgt for at det også skal vere snø om 50 år!
Den viktigaste saka
Under eit år før stortingsvalet er det lite som vitnar om at vår kjære vinter er truga. I dei nyaste målingane kan me tidvis sjå at FrP er størst, eit parti som har programfesta klimaskepsis.
Ikkje berre trur dei ikkje på at klimaendringane er menneskeskapte, men dei ønskjer å aktivt forsterke verknadene av dei.
Dagens regjering har òg ein sørgjeleg klimapolitikk, som er ganske så lik den Høgre fører, eit særs aktuelt regjeringsparti neste år. Men Høgre seier no i det minste at dei trur på at klimaendringane skjer, og at me kan gjere noko med dei.
Det er sjølvsagt ikkje godt å seie kva som skjer i eit val om 10 månader, men nett no verkar det ikkje usannsynleg at me får eit fleirtal på Stortinget som ikkje vil gjere i nærleiken av nok for å ta tak i vår tids største utfordring.
Om dagens regjering held fram etter valet, eller me får ei regjering der Høgre og FrP bestemmer klimapolitikken, er det ikkje sikkert me har ein skisport i framtida.
Me lever på ein klode som nok bikkar 1,5 graders oppvarming kanskje allereie i år. Likevel er ikkje det norske folk villige til å gjere noko med ein oljepolitikk som eksporterer nesten ti gonger meir CO₂-utslepp enn me produserer heime.
Me har rett og slett ikkje fleire val å vente med; klima MÅ bli den viktigaste saka neste val.
I byrjinga av november i fjor hadde eg vore fleire gonger opp Høgevarde alt. Webkameraet eg ser på frå alpinanlegget har endå ikkje gjeve meg ein grunn til å hente ut fellane frå frysaren.
Sjølvsagt er dette ei anekdote; ein kan ikkje trekke slutningar berre frå at eg var på ski på denne tida i fjor, men ikkje i år.
Men me veit at det kjem til å skje oftare: At vintrane blir kortare, varmare, og våtare. Meir uføreseielege forhold gjer skisporten også farlegare; skredforhold kjem til å bli vanskelegare å tyde.
Hev stemmene
I tillegg til å jobbe med klimapolitikk til vanleg, brukar eg mykje av fritida mi på å hjelpe folk med å starte med topptur på ski gjennom studentforeininga OSI og i DNT. Som mange andre vil eg dele lidenskapen slik at alle, uavhengig av bakgrunn og midlar, kan oppleve vinterfjellet.
Topptur på ski har, som mange andre friluftsaktivitetar, fleire betydelege barrierer i form av kostnad og kompetanse. Eg vil gjere det eg kan for å senke dei tersklane der det er mogleg.
Eg gjer det også fordi eg genuint meiner at dei som vil oppleve vinterfjellet, må gjere det no, mens dei framleis kan.
Eg veit at lesarane av Fri Flyt har høyrt dette før, og kjenner meir enn dei fleste korleis klimaendringane fysisk skjer nett no. Diverre er ikkje det nok!
Me må snakke meir om klima, og me må snakke om valet.
Me må snakke meir om at det er eit val mellom vinter eller ikkje vinter, og at å røyste på dei store partia er å røyste imot at me og framtidas skigåarar skal få trygge og stabile vintre framover.
Mi oppmoding er at skifolk må rope høgare, og må byrje å rope no!