Klatreverket i Oslo har undersøkt sine gjesters syn på baris – bar overkropp på klatresenteret - og en av tre gjester syns baris er kjipt.
Seriøst?
Einaste grunnen til at du meiner det er digg å kasta skjorta, er fordi du tenkjer at du sjølv er digg.
Du treng ikkje ta ditt narsissistiske sjølvbilete ut over ein stakkars kar som meg. Men det er vel kanskje eitt av dei tydelegaste trekka på ein narsissist, så det beste ville kanskje vore profesjonell hjelp.
At du sjølv meiner at du er så flott at heile klatrefeltet, ufrivillig, skal måtte bli eksponert for din nakne overkropp, er på grensa til overgrep.
Eg har ikkje bedt om dette, og fram til eg samtykkjer til denne barbariske handlinga kan du ta det som eit nei.
Dette er noko som står svært tydeleg skriven i samtykkjeloven, iallfall den samtykkjeloven vi burde hatt her i landet. Sverige, Finland og Danmark har innført ei samtykkelov, men ikkje Noreg.
Slik det står i dag, så må offeret gjera fysisk motstand mot overgriparen for at det skal reknast som eit overgrep. Neste gong eg ser ein i bar overkropp, skal eg gjera det einaste logiske. Fysisk motstand, etterfylgt av ei melding til politiet.
Slapp heilt av, berre eit prosent av alle meldte overgrepssaker i Noreg ender med ein fellande dom.
No skal eg ikkje skjære alle mannfolk som kler seg naken for å klatre hardt over same kam.
Eg veit at majoriteten av dykk ikkje får utløysing av å sjå seg sjølv i spegelen, sjølv om det er fleire enn en skulle tru. At de klatrar nakne er eit symbol på ei underliggjande usikkerheit for å bli utstøytt frå fellesskapet.
Eventuelt kastar de skjorta i håp om å få innpass med «dei kule gutane».
Det er patetisk at du ikkje klarar å stå imot eit sosialt press for offentleg blotting.
Kva blir det neste? Tygga tyggis frå bakken fordi gutane i klassen over sa du skulle gjere det?
Der alt du ynskjer er å imponera dei i ei naiv, god tru om at dei skal akseptere og respektere deg som eit fullverdig medlem av gjengen ein gong for alle.
Spar deg – og meg
Men idet du skrapar tyggisen opp frå bakken, puttar han i munnen og tyggar den hardaste og vondaste tyggisen du har tygga i heile ditt liv, så står dei berre og ler av deg mens du innser at dei heller ikkje denne gongen skal ta deg inn i varmen.
Ein kan undre seg om det burde vore snakk om omsorgssvikt, då fedrane dykkar ikkje har vore like gode rollemodellar som min far openbart har vore.
Faren min har gjort meg trygg nok i min eigen kropp og sinn til at eg har ballar nok til å stå imot og seie ifrå om denne galskapen som går føre seg.
Der eg og min far har ledd av dei som går på ski i bar overkropp, har de utvikla eit freudiansk kompleks for å imponera fedrane dykkar.
Å klatra i bar overkropp er berre noko de gjer for å visa dykk fram. Om det er for å visa dykk fram for kvinnfolk eller mannfolk, veit eg ikkje. Men at de gjer det for å vise dykk fram, er det ikkje tvil om. Uavhengig om du om du klatrar 6- eller 9-, så er eg ikkje imponert.
Er det så varmt at du må klatra i bar overkropp, så er det for varmt for å klatra i det heile.
Ta deg heller ein tur på stranda, spenn bicepsen og imponer ein godtruande gut eller jente der, heller.
Eg har for så vidt lagt merke til ein ting, og det er at dei som klatrar i bar overkropp nesten utelukkande driv med buldring eller klippeklatring.
Det er ikkje ein føresetnad å blotta seg for å kunne klatra på klippar eller småstein.
Kanskje dette er ein fellesnemnar for slike formar for klatring, at dei usikre og sjølvopptatte driv med formar for klatring der det ofte er mengder folk rundt?
Ein ser til dømes sjeldan – til aldri – ein i fjellet som ikkje har på seg skjorte.
Då fjellklatring er ei form for klatring som i stor grad er usosial, kan det hende at ein ikkje klatrar i bar overkropp i fjellet fordi ein ikkje har nokon å visa seg fram til.
Så eg har sett meg lei på menn i bar overkropp. Eg er ikkje ein av dei, det treng ikkje du å vere, heller.
Få kontroll på usikkerheita di, ta på deg skjorta, klatre og ha det gøy. Eg har budd i eit galehus lenge, det er nok no.
Fri Flyt dyrker en god og opplyst debatt. Her finner du lederartikler fra magasinet, kronikker og leserinnlegg.
Hva synes du om denne saken?
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.