/ Kite

Paracuru-kiting

Kari og Eli deler et nytt Brasil-reisebrev med deg. Bli med til pokkerivold.

Sist oppdatert: 4. desember 2005 kl 23.23
Kari railey.
Kari railey.
Lesetid: 3 minutter

Paracuru bydde på sidevind fra 7-15 m/sek, brytande bølger på 2-4 m på revet 300 m frå stranda, samt flatt vatn på innsida av revet ved fjøre sjø. Méd andré ord alt ein kan tenke seg! Dette var det imidlertid ein del andre og som hadde fått med seg, og til tider var det folksomt på vatnet. Særlig når både nybegynnarar og Handle-pass gjengen skulle utpå samtidig. Men kreative sjeler kan lett finne plass både oppvind og nedvind for hordane. Dei mange fiskarane har satt opp noko som kan ligne staurgjerder frå stranda og eit stykke utover for å lede fisken, og greier ein å ungå kræsje kiten i desse kan ein ha mykje morro! ...Litt utfordring må ein jo ha!

Paracuru har ca 30 000 innbyggarar og sjølv om antal vindturistar har eksplodert det siste året, ber ikkje den lille oljebyen preg av dette enno. Dei rolige vekedagane med mykje seiling og god mat på fortausrestuatane fekk ein bråvåkning på laurdagkveld. Dei mest uthengte råneplassane i Norge må nok bøye seg i støvet... Etter alt å døme er rangeringa som følger: Størst, - tøffast! Mindre stor- mindre tøff. Akkurat dette er vel ikkje ulikt heime, men gutta i Paracuru tek konkuransen opp til eit eventyrleg nivå! Her er det nemlig ikkje så farlig om bagasjelokket går igjen berre høgtaleren får plass... Nokon hadde tatt konsekvensen av å skulle vere tøffast og kjøpt liten lastebil. Når 10-15 stk av desse møtes på eit lite torg og verkeleg skrur opp er støynivået magisk!

Ein open reiseplan skjer det alltid noke nytt og uventa, så når vi blei invitert til Atins var det berre å takke ja. Intitiativtakarane, Daniel og Aaron, som vi møtte tidlegare på reisa beskreiv dette som ein liten, skitten fiskerlandsby midt i ingenmannsland. Dette høyrdes jo fristande ut og vi la i vei. Med vanleg kollektiv transport, dvs buss, toyota lastbil med trebenker og hengekøye-ferge, tek reisa ca 3 dagar. Dette er nok eksotisk i seg sjølv, men i følge reisefølget vårt, - langt frå komfortabelt. Vi derfor luksus varianten med eigen landrover, og var framme etter 12 timar. På uvanleg hølete vegar, om dei eksisterte i det heile, sanddyner, strender.... i alle fall, og klage over norsk veistandard er latterlig! “Der ingen trudde at nokon kunne bu” teamet burde ta seg ein tur til nord brasil. Med blondt hår og blå auge bidrog vi nok stort til dagens underhaldning i dei små landsbyane vi passerte.

Alt vi visste om kitinga i Atins var at det var ok sidevind. Den lille byen ligg rett ved ein diger nasjonalpark som inneheld sanddyner. I regntida er desse eit vakkert syn med hundrevis av små og store blå kulper og laguner innimellom dynene. Sjølv om dei fleste er tørka ut på denne tida tok vi ein tur for å sjå på utsikta, og herligheta viste seg. Ei 8 km lang lagune mellom sanddynene og havet, - definitivt nok plass til oss! Berre ein liten sandbanke skiller havet frå laguna enkelte plassar. Jevn vind på ca 10 sek/m ga endelig litt tid til å trene triks, antakeleg er vinden sterkere tidlegare på hausten. Vi var usikre på kor lenge vi kom til å bli, men etter første dag med flattvannseiling som i allefall ikkje vi har opplevd for, bestemte vi oss raskt for å slå leir her til heimreisa.

Publisert 4. desember 2005 kl 23.23
Sist oppdatert 4. desember 2005 kl 23.23
annonse

Relaterte artikler

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen