Pudderhund og BI-student David Underland er kjend for å dra fyrst ut og seist attende når det finst snø å spore, og i år er inga unntak. Saman med eks-telemarkkøyrar Torkel Karoliussen som no køyrer brett året rundt (Karoliussen solgte nyleg seiste rest av telemarkutstyret sitt), var dei klare når sesongens fyrste store snøfall hadde lagt seg på onsdag.
-Deileg å få eit pudder-run! Det var jamt over 30-40 cm snø i bakken og oppimot 50 cm på høgfjellet der vinden hadde samla i hop litt mengder. Det var lite base, men i løypa var det nok snø til å legge trykk på kanten og få opp litt pudder, melder Underland til Fri Flyt.
Her er beviset: