Verdas beste gymtime?

Det går for seg når elevane frå snowboard- og freeskilinja ved Hovden skigymnas har backcountry-gymtime.

Sist oppdatert: 27. januar 2015 kl 12.39
SKULEDAG: Hopping og herjing på en svær backcountrykicker er gode ingrediensar for ein fin dag på skulen. Foto: Gøran Høyvik Ulltang.
SKULEDAG: Hopping og herjing på en svær backcountrykicker er gode ingrediensar for ein fin dag på skulen. Foto: Gøran Høyvik Ulltang.
Lesetid: 2 minutter

– Å bygge hopp i backcountryen er ikkje noko me gjer kvar dag. Fokuset er og blir trening i park. Me har som tradisjon å reise opp til Samastad ein gong i løpet av vinteren, kor glede og fornøyelse er like stor som talet rotasjonar, seier hovudtrener Gøran Høyvik Ulltang.

Den vanvitige filmen frå treningsøkta ser du lenger ned. Staden er Samastad i Vinje kommune, kor stølsdrifta sørgjer for opent og godt terreng for backcountrykøyring.

 – Kor lang tid bruker de på førebuingar til ei slik økt?

– I løpet av vinteren gjennomfører me opp til fleire annerledes treningsøkter. Dette trur me er med på å bevare verdiane og gleda med idrettane. Som ein del av tradisjonen og jobben, så er det me som trenarar som legg til rette for god og progressiv trening. Heldigvis er me glade i fjellet begge to, og kombinerer difor bygging med eigen rekreasjon. Tre dagar i helga gikk med til bygging av kickerane, seier Ulltangs kollega og kjendis frå nyaste utgåve av Fri Flyt, Svein Olav Lien.

– Hvordan er ein vanleg skuledag om vinteren for elevane?

– Skule fram til lunsj, og så trening i parken frem til middag. Etter middag, lekser og andre gjeremål, før kveldstreninga. Då enten som barmarksøkt inne, eigentrening eller i backyarden vår. Minst ein gong i veka reiser me på kveldstrening i flomlyset på Vierli. Det er med andre ord innhaldsrike dagar som utøvar på HSG, seier Lien.

Sjå filmen frå det som må vere verdas kulaste gymtime:

Publisert 27. januar 2015 kl 12.39
Sist oppdatert 27. januar 2015 kl 12.39

Relaterte artikler

Vetle Gangeskar RFC 2024
Slik gikk Røldal Freeride Challenge 2024

Slik gikk RFC 2024

FALLET: Like før droppet hektet deltageren skien slik at den falt av. Den bratte facen gjorde at hun skled ned fjellsiden.
Junior freeride i Røldal

Dramatisk fall under konkurranse

IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen