Aklestad fikk 2.pris i kategorien «Årets nordiske turbilde» for bildet kan har kalt «Underlys».
– Kan du si litt om hvor og hvordan bildet ble tatt?
– Det er frå Skårasalen, heilt ute på kanten av stupet. Eg dreiv eigentleg og fotograferte stupet, og hadde eigentleg avslutta då denne skodda kom drivande inn og skjulte både toppen og stupet. Eg tok eit par avsluttande bilete idet turkamerat Håvard Festø heldt på å forsvinne inn i skodda, og oppdaga først i ettertid at det var dette som vart det beste biletet, der ein berre anar stupet, men ikkje ser storleiken på det, sier Aklestad.
– Hva betyr en slik premie for deg?
– Premien betyr mykje. Dette er Nordens største naturfotokonkurranse med cirka 4800 innsende bilete, og eg vart veldig overraska over å få 2. plass. Biletet er nok ganske klassisk «meg» akkkurat no – mange av bileta dei siste åra har hatt dette «lite-menneske-i-stort-landskap»-temaet, gjerne i svart-kvitt, og difor ekstra stas at juryen la merke til det. Og sjølvsagt stort å vere med på premieutdeling i Oslo Konserthus saman med dei mest kjende nordiske naturfotografane.
– Hvordan startet fotointeressen?
– Fotointeressa er ei naturleg forlenging av oppveksten i Hjørundfjorden og interessa for fjell, og eit ynskje om å formidle noko av kjensla av å vere der oppe i lyset.
– Du er prest og skikjører. Hvordan ser helgene dine ut?
– Haha, det hender skiftet frå prestekjole til skiklede går ganske raskt etter etter gudsteneste. Heldigvis er presteyrket veldig fleksibelt, så det opnar seg ofte for skidagar også utanom helgane. Dessutan har eg ofte utvida helgar når eg først har fri, og måndag er ein perfekt skidag med lite folk i fjella. Men i år reiv eg av korsband og leddband i møte med ei bjørk på den første novembersnøen. Så kanskje vert det meir skibilete i vinter ettersom eg sjølv får rent mindre på ski. Det er ofte det som stoggar dei gode skibileta, at fotografen sjølv får lyst på linjene ...