Storfilm på noregsturné

No lyt ein legge vegen til kyrkja for der er storfilmen frå The Faction Collective spent over lerretet.

Sist oppdatert: 25. oktober 2017 kl 13.39
BACKFLIP: Om Johnny Collinson landar denne saltoen i Utah, finn du ut i kræsj-delen lengre ned. Foto: skjermdump
BACKFLIP: Om Johnny Collinson landar denne saltoen i Utah, finn du ut i kræsj-delen lengre ned. Foto: skjermdump
Lesetid: 3 minutter

Skifilmen THIS IS HOME frå The Faction Collective er no å sjå på ei rekke utvalde stopp i ut- og innland. Kollektivet til Faction har laga fleire sesongar med webisodes, men i år får me for fyrste gong sjå gjengen saman på film. Norske Eirik Sæterøy har fått plass på teipen i tillegg til andre kjende andlet som Candide Thovex, Sam Anthamatten, Johnny Collinson, Adam Delorme, Kelly Sildaru med mange fleire. Hovudtanken bak filmen er å la utøvarane, eller kollektivistane få utfolde seg i sine eigne heimtrakter, der dei er beste kjende og kan køyre aller hardast. 

Den norske turnéen blir synt fram av KRIK Ski med gratis inngang i rusfrie omgjevnadar og den fyrste framsyninga var allereie i Sogndal 23.10. Fri Flyt tok ein prat med Jonas Eng frå Sogndal KRIK

-De synte nyleg fram The Faction Collective sin film «THIS IS HOME» i Sogndal. Var det feitt eller!?

-Det var utruleg kult å syne Faction sin film i Sogndal. Filmen er full av mykje feit skikøyring og det er ekstra kult at Eirik Sæterøy har fått ein part i ein større skifilm-produksjon. Filmen er ikkje revolusjonerande innan skifilm-sjangeren som mange skifilm-produsentar prøvar på både med hell og uhell. Men den byr på deilege filmklipp, kul musikk, rå skikøyring og allover feelgood-stemning som gjer ein gira på ein ny skisesong, fortel Eng. 

-Korleis blei filmen mottatt, var det god stemning?

-Filmen blei godt tatt i mot og folk kosa seg. Me i KRIK Ski hadde laga ein Kahoot med premiar fra både KRIK og Faction, samt at me baud på bollar og kakao.

-Korleis fekk de til framsyninga? De er dei einaste i landet som syner filmen.

Me i KRIK Ski har dei seiste åra bruka å ha ein skifilmkveld/KRIK Ski kick-off. Men ettersom me var spente på Faction sin fyrste film tok me kontakt med Faction og spurde om dei var gira på å inngå eit samarbeid, noko dei var. Så nå har me gjennomført fyrste av dei 6 filmkveldane me skal ha. Det kom litt over 100 stk til Sogndal Indremisjonsforsamling sitt lokale, som vil seie at det blei nokså fullt! Så det er me svært nøgde med. Så blir det spanande å sjå kor mange som kjem på dei neste arrangementa.

Turnéen går innom:

Trondheim, Gløshaugen, Auditorium R7. Tysdag 31.oktober kl 19.30
Bergen, Fridalen kirke, i kjellaren. Onsdag 1.november kl 19.00 
Oslo, Vestre Aker menighetshus. Onsdag 01.november kl 19.00
Tromsø, Árdna, Universitet i Tromsø. Torsdag 02.november kl 19.00
Volda, Studenthuset Rokken. Måndag 5.november kl 19.00. 

Her er traileren:

Alle skifilmar med sjølvrespekten til stades har sin eigen kræsj-del. THIS IS HOME er inga unntak:

Publisert 25. oktober 2017 kl 13.39
Sist oppdatert 25. oktober 2017 kl 13.39

Relaterte artikler

FALLET: Like før droppet hektet deltageren skien slik at den falt av. Den bratte facen gjorde at hun skled ned fjellsiden.
Junior freeride i Røldal

Dramatisk fall under konkurranse

IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen