Fjerde episode av Does Your Brother Ski, eller DYBS som webserien til dei svenske brørne Carl- og Olle Regnér heiter, er no ute. Denne gongen har dei to brørne vitja Wille Lindberg som har busett seg i Hardanger. Og her får me servert lettkledd køyring på Folgefonna og feltturar i den store bakgarden til Lindberg, ispedd ei god dose rotasjonar.
– Avsnittet er innspela i Jondal då me besøkte Wille Lindberg i hans nye Lodge. Me står både på ski oppe på Folgefonna og over sjølve Jondal. Mykje fine miljøbilete og skøyig køyring frå Carl og Wille, sjølv hadde eg akkurat fått ein fraktur og drege oksla ut or ledd, så eg måtte ta det roleg og finne på andre ting, fortel Olle Regnér i eit intervju til Fri Flyt.
Regnér-brørne er aktive konkurransekøyrarar i FWQ og denne vinteren kvalifiserte Carl seg til neste års FWT, medan Olle må sanke fleire poeng.
– Planen for vinteren er å reise rundt og produsere mykje artig materiale i lag med fotografen fra DYBS, Anton Eneröv og Oscar Scherlin. Me har ein liten spin off frå DYBS planlagt, men ingen ting heilt offisielt. Me kjem til å møte opp med Carl når han er ledig frå FWT og så kjem eg til å køyre nokre 4* FWQ-konkurransar.
Her er episode fire frå DYBS: