Fri Flyt meldte om enorme mengder snø i Whistler, og Freeride Canada-linja ved Molde Folkehøgskule var så heldig å vere her. Studieturen har gått med til å rulle rundt i to bobilar, der eg fekk med meg årets nykommer i freeridecupen og tidligere stipendiat på Freeride-linja, Sondre Folkedal som sjåfør. Vi starta turen i Revelstoke med nysnø og bluebird, deretter gjekk turen vidare til legendariske Mount Baker i Washington der vi fekk to dagar gratis heiskort (!) og eit solid dump med snø. Vi såg værmeldinga i Whistler, og heiv oss i bobilane og kjørte opp til Whistler. No har vi vore her ei veke og det har snødd og snødd kontinuerlig. Skikjøring i Canada før jul kan anbefalast på det varmaste, veldig lite kø, veldig lite folk, mykje billigare heiskort. Er du interessert i ein billig variant kan også bobil anbefalast, du får sett fantastisk natur og kjent litt på skiboms-livet!
LES OGSÅ: I Canada med Salomon Freeski TV
Skihelsing
Svein-Ivar Moltu
Lærer for Freeride Canada, Molde Folkehøgskule
Se flere bilder i galleriet under!
PUDDER OVER DAMMEN: Kaya Nymoen koser seg med bra skiføre i Whistler.