Momsauke på heiskort

Alpinanleggenes landsforening (ALF) rasar mot regjeringas forslag til momsauke på heiskort.

Sist oppdatert: 12. oktober 2017 kl 15.14
LEIAREN: Camilla Sylling Clausen frå Alpinanleggenes Landsforening og Norske Fjell AS. Foto: ALF
LEIAREN: Camilla Sylling Clausen frå Alpinanleggenes Landsforening og Norske Fjell AS. Foto: ALF
Lesetid: 2 minutter

Finansminister Siv Jensen ynskjer i lag med regjeringa å auke momsen på heiskort med to prosent for 2018. Dette betyr mykje for eit allereie pressa norsk reiseliv.

-Ei momsauke vil innebere ei prisauke på både heiskort og på norske hotell som igjen vil føre til at det blir enda dyrare å velge Noreg som alpint reisemål, både for norske og utanlandske reisande. Veldig mange alpinanlegg og hotell slit med lønsemda, særleg ute i distrikta. Svært få av våre medlemmar driv med overskot, seier Camilla Sylling Clausen, dagleg leiar i Alpinanleggenes Landsforening og Norske Fjell AS i ei pressemelding til Fri Flyt.

I Alpinanleggenes landsforening kjenner dei seg skuffa.
-Dette var ikkje ein del av skatteforliket på Stortinget våren 2016. Me har stolt på at regjeringa vil senke skattane for næringslivet, og ikkje auke dei – i motsetnad til kva opposisjonen har varsla, seier Sylling Clausen.

Frå 2016 til 2017 var reiseliv den næringa som hadde størst prosentvis sysselsettingsvekst i privat sektor i Noreg, kan me lese på nettsidene til NHO Reiseliv. Kva som blir framtida no er heller uvisst.

-Dei seiste par åra har me opplevd ein medvind med ein god turistvekst og ei auke i både sysselsetting og verdiskaping. No aukar momsen ytterlegere med to prosent etter ei auke på to prosent for to år sidan. Dette viser det motsette av at det satsast på reiseliv, seier Sylling Clausen.

HEISKØYRAR: Kjem Kim Boberg til å velge norske skianlegg til vinteren, eller vel han å halde seg heime Sverige? Foto: Tore Meirik
HEISKØYRAR: Kjem Kim Boberg til å velge norske skianlegg til vinteren, eller vel han å halde seg heime Sverige? Foto: Tore Meirik

Som abonnent på et av Fri Flyts magasiner får digital tilgang på alle plussartikler. Se for eksempel:

Publisert 12. oktober 2017 kl 15.14
Sist oppdatert 12. oktober 2017 kl 15.14

Relaterte artikler

IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen