Dag Sandvik rapporterer fra frikjøringskonkurransen under Ekstremsportveko, hvor kampen mellom (ski)bygd og by(folk) endelig skulle bli avgjort - noe den ikke ble.
JUNIOR PÅ HUE: Juniorklassen satsa hardt. Her er det Ola Martenson som set verda på hovudet. I alle fall for far sin. Foto: Dag Sandvik
Lesetid: 3 minutter
Skibygder som Oppdal, Hemsedal og Voss har dei siste åra slitt med stadig fleire byfolk i fjellheimen, med dei ulemper det fører med seg: Kø i heisen, for mange hytter i karbonrik myr og trang sjekkemarknad laurdag kveld. Ikkje nok med det, i seinare år har byfolket også byrja å hevde dei er like gode eller betre enn bygdefolket på ski. Det har vekka harme. For kva er vel verre enn nokon som både har Tesla, dyrare Gore-tex og trur ho er betre enn deg på ski?
TOK KAMPEN FOR BYGDA OG BYEN: Disse juniorene leverte varene under frikjøringskonkurransen på Vikafjellet. Foto: Dag Sandvik
Tidlegare har barslagsmål vore einaste løysing, men Veko tek nok ein gong sitt samfunnsansvar og heldt måndag frikøringskonkurransen «City vs Village». Her skulle ein endeleg avgjerda kven som i sum skåra best i bratte fjellsider. Byfolket eller bygdedyra. Og i tillegg var det rom for litt individuell kniving.
Veret var ok, snøen var kompakt og noko bølgete etter ein hard smeltesesong, og låra til alle eg møtte var på ingen måte klar for dette. Men straks radioen skurra «klart» såg ein alvoret i augo i det ein etter ein gav alt for å setje fjellheimen på hovudet. For når alt kom til alt var det individuelle prestasjonar det stod om. Bygd vs by var ikkje så viktig lenger, no når stortingsvalet var over og det ikkje lenger satt ein Vedum i mosen og ropa ulv. Samtlege tok jobben med å laga show og god stemning på alvor. Ingen tok seg sjølv så alvorleg.
Anton Sæten frå Voss satsar hardt i sin første frikjøringskonkurranse, og drog i land tredjeplassen. Foto: Dag Sandvik
I mål kunne me høyre ropa i det juniorklassen sette den første backflipen, og samtlege unge lovande gav gass til det forholda tillet.
– Fy f… så sliten eg vart! Og det gjorde vondt med alle slaga.
Gjendine Solstad har drive med frikjøring ei stund, men snødekket på Vikafjellet i juni vart ein prøvelse. Da seniorane kom var det tydeleg at dei også måtte bryne seg på røffe landingar mot mål, men at dei ikkje ville vere dårelgare enn kidsa. Det skrapa i grovkorna snø når stålkantar sette svingar og andlet fungerte som nødbrems etter eit garasjesal. De veit korleis frikøyring er. Det som merka seg ut her var den store andelen som deltok i ein frikøyringskonkurranse for første gong.
– Eg var ikkje heilt klar for dette. Lenge sida skisesongen. Men snøen var fin på toppen.
– Og du sette triksa
– Yes.
Elias Paldan er til vanleg ein særs habil jibbar, og debuterte på Veko. Som frikøyrar altså. Det vert truleg ikkje den siste.
Elias Paldan og Anton Sæten. Foto: Dag Sandvik
– Du veit når jibbarar har dagen i storfjellet så vert det stort sett siger. Neste år skal eg vise desse slappe freeridarane korleis ein styler ei fjellside!
Klar melding der, altså.
Enden på soga - resultatlista altså - vart slik:
Junior menn:
Endre Frønsdal (94p)
Mikkel Landro (86p)
Ask Martenson (79p)
Junior Kvinner:
Gjendine Solstad
Ski menn:
Elias Paldan (75p)
Eskil Berge (73p)
Anton Sæten (70p)
Ski kvinner:
Yasmin Kaldestad (35p)
Marit Slåtten (33p)
Claire Millar (30p)
Flere resultater under bildet!
Yasmin Kaldestad. Foto: Dag Sandvik
Snowboard kvinner:
Caroline Onarheim (55p)
Snowboard menn:
Samuel Christenson (80p)
Tim Douglas (50p)
Andreas Storebø (45p)
Allerede abonnent?
Logg inn her
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.