Lagar eyecandy i Sogndal

I slutten av januar skal Noregs beste skifotografar knive om å lage den beste bildeserien i Sogndal.

Sist oppdatert: 9. januar 2015 kl 16.28
FOTOGEN: Sogndalsdalen + dei beste skifotografane i Noreg + nokre av dei beste skikøyrarane = ei samling nydelege bilete og ein spektakulær konkurranse. Foto: Bård Basberg
FOTOGEN: Sogndalsdalen + dei beste skifotografane i Noreg + nokre av dei beste skikøyrarane = ei samling nydelege bilete og ein spektakulær konkurranse. Foto: Bård Basberg
Lesetid: 1 minutter

– Det er med stor glede me presenterer Arc´ Teryx Dark Days Photo Challenge 2015 i Sogndal. Dette er ein samling av topp- og grasrot av skifotografer i Norge. Med base på Uteplassen i Sogndalsdalen vil inviterte profesjonelle fotografar jobbe med kvar sine lag med skikøyrarar frå 28.- 31. januar og sette saman kvar sin lysbileteserie som vert vist på Uteplassen 31. januar. Ein jury vil kåre ein vinner som vinner heile 25 000 kroner. Bildane vil sjølvsagt også visast på friflyt.no, seier initiativtakar Knut Myking.

I tillegg vil det bli arrangert instagramkonkurranse for alle skientusiastar som står på ski i Sogn fram til 31. januar. Alle som poster bilete med hashtaggen #darkdays15 er med i trekninga av flotte premier ifrå våre samarbeidspartnarar.

– I tillegg til premiering og visning av lysbileteseriane vil det bli levande musikk og pulserande stemning på Uteplassen 31. januar, seier Myking.

Foreløpig bekrefta fotografer som vil delta er Vegard Breie og Martin Innerdal Dalen.

– I tillegg vil det komme på plass tre namn til i løpet av kort tid, seier Myking.

Publisert 9. januar 2015 kl 16.28
Sist oppdatert 9. januar 2015 kl 16.28
 

Relaterte artikler

 

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen