Det var ti av ti på både oppmøte, forhold og innsats når Nina Rusten og Marte Helseth Hansen sin Kombicamp for jenter vart arrangert på Stryn Sommerski i helga.
Fra fredag til søndag herja jentene på ski og brett i parken og terrenget rundt i steiksol, og kan forsikre om dei som skal på Strynefestivalen til helga har massevis å glede seg til.
– Vi ville lage ein camp der vi kunne legge til rette for å prøve nye ting, og utvide grunnlaget for å kjøre ski og brett. Kjøre litt utafor vår egen greie med park og frikjøring. Blir vi ti-tolv på campen så er vi fornøgde, tenkte vi. Men vi vart 27 jenter!
Les også: Campen for jenter som vil kjøre overalt
Les også: – Vil sette fokus på skilek
(Artikkelen fortsetter under bildet)
27: Til slutt ble det 27 deltakere. Foto: Stig J. Syvertsen
Imponert over gønninga
Caroline Mølgaard Onarheim og Ida Gunleiksrud lærte jentene å finne frikjøringslinjer og få luft under beina, mens Ingrid Lonar og Nina Rusten hadde full kontroll i parken.
– Det var imponerande. Når eg spurte i parken om noken kunne ta ein treer, var det med ein gong nokon som sa ja. Dei berre måkar på og gjer det. Det virka som dei andre gruppene også berre kjørte på, fortel Rusten som var instruktør for skigjengen i parken.
Eirin Myklebust tok ”kombicampen” bokstavleg, og deltok med både ski og brett, både i parken og utanfor løypene.
– Det er kult at dei arrangerer camp med ein så god gjeng. Det blir så masse gutsing når ein sånn gjeng køyrer i lag, fortel Myklebust.
Ho har nyleg skifta til ski etter å ha vore brettkøyrar i mange år.
– Eg lærte veldig mykje på skidelen. Instruktørane var veldig gode til å komme med tilbakemeldingar og tips om teknikk.
Myklebust drog for øvrig på med backflip i parken, og satte med det eit skikkelig punktum for ein vellykka camp.
(Artikkelen fortsetter under bildet)
GØNNING: Det ble satt backflip på campen. Foto: Nina Rusten
Les også: Vil få flere ut i norske bølger
Ikkje siste kombicamp
I tillegg til værgudane som spelte på lag, var også Folven camping og Stryn Sommerski med å bidra til at campen gjekk på skinner.
– Eg er imponert over måten vi har blitt tatt i mot, både Folven og Stryn Sommerski har vert heilt rå. Folven har lånt ut alt vi har trengt og virkelig latt oss drive på, det er helt konge, rosar Rusten.
– Vi kjem garantert tilbake med ny kombicamp neste år!
Se flere bilder her: