Frå eit hotellrom i alpane får me tak i Henning Hansen Pytte (19). Han har i lag med Hovden skigymnas køyrd park i fjorten dagar og kviler no ut etter ein dag på breen. Henning har sett føre seg å produsere ein sesong med bakommateriale frå noregs skimiljø, både på konkurransar, men også vanlege dagar i bakken.
–Kvar er du no Henning, og korleis går det?
–No har eg vore 2 veker i Saas-Fee saman med Hovden skigymnas. Oppholdet har vore veldig bra. Har vore heldige med bra park og bra vær, og det har vore ein veldig fin start på sesongen. Var litt uheldig og falt på skuldra, men er heldigvis ikkje noko alvorleg. Må nok ta det roleg eit par veker, men det vil berre seie meir tid til å filme, seier Henning til Fri Flyt.
Etter fleire år i lære på Hovden skigymnas er Henning eit talent å merkje seg og han har planane klare.
–Planane for sesongen er å shredde så mykje som mogleg, men også køyre konkurransar. Skal køyre så mange noregscuper som mogleg, men har også lyst til å køyre utanlands om eg får moglegheiten. Har også vore inne på tanken om å køyre litt pudder. Har budd over 3 år på hovden no, utan pudderski. Så tenkjer det er på tide å utforske snøen utanfor parken.
Fri flyt håpar med det å sjå Henning på breie ski i vinter når han tar med seg trikseposen sin ut i laussnøen! Neste episode kjem allereie fredag 20. oktober.
Her er fyrste episode frå serien Behind the Scenes: