Daicha Haras doble backflip i verdensmesterskapet i kulekjøring har gjort så sterkt inntrykk på oss i redaksjonen av vi måtte innhente en ekspertkommentar.
Da gikk telefonen til Åsmund Hårklau – Open Klasse-gründer, vossing, arkitektstudent og eks-landslagskjører i kuler.
(Alle tallene i parenteser refererer til tidspunkt i i videoen).
– Fyrst litt bakgrunn for duellen. Dei køyre jo som ein ser parallellkulekøyring, ei øving der ein går head to head fram til det står to køyrere att i finaleheatet. Dette er semifinalen. Med trening, kvalik samt singelkonkurranse tidligare i veka er ein nok litt segen i kroppen. Daichi Hara køyrer her mot Bradley Wilson, ein amerikaner som er kjend for å ha krutt i beina og ein vanvittig fart ned bakken. I parallellkulekøyring har ein eit slags blikk mot sida når ein køyre. Dei ligg heilt likt etter fyrste landing (0:09), då er det lett å sleppe litt ekstra på. Sjå for deg at du spring mot oksane i Pamplona og nett ane konturane av horn i sidesynet, det er litt den samme følelsen her, sier Hårklau.
– Når er det Daichi Hara havner i trøbbel?
– Her er det naudsynt med ei lita parallellanalyse av løpet. Wilson får eit slag som sender han ut av balanse litt før halvvegs i midtpartiet (0:15). Rett etter det dett Hara litt bakpå, muligens ein slags reaksjon på det som skjer i ved sida hans. Å vere bakpå er ein posisjon som ikkje er gunstig for nokon i ein kulebakke. Wilson strever litt, men henter seg godt innat med litt sprell, medan Hara går for ei klassisk japansk kamikaseinnhenting der ein på sett og vis øverser nokre kular og prøver å finne eit punkt lenger nede i bakken der alt skal ordne seg. Hara ligg bakpå og nærast demper ti kuler før han sett beina i ein kul (0:18) og prøver å få farten tilstrekkelig ned for å bremse opp. Det som skjer er at han vert kasta for langt frampå og må berre la det stå til.
– Har han noen andre valg? Er det mulig å stoppe?
– Hoppet framføre han er kring 60cm frå bunn av kurven til toppen av kicken og utgangsvinkelen er fin og bratt. Det er cirka 28 grader bratt i Park City og når han kjem med farten til ein SpaceX Falcon 9 ut av atmosfæren er det vanskelig å svinge vekk (0:18) . Sidan hoppa i tillegg er ganske harde (om ikkje utelukkande av is) er det heller ikkje noko gunstig å prøve på å ei kroppstakling. Han går vel for den einaste løysinga og prøver so godt han kan å dempe hoppet. Med det resultatet at han går forbanna langt og med for mykje volt i volten. At han er kald nok til å vente til han spotter landinga etter fyrste salto er rett og slett kjempeimponerande. Ein kan sjå at han ligg og kontemplere ei stund på om dette var det livet han ønska seg før han krøker seg saman og går inn i andreflippen (0:19).
Her ser du hele semifinalen:
– Er det mulig å lande denne?
– At han treff i motbakke på kring 5. kul er jo heller ikkje so kjekt, men om han hadde kome seg kring to meter lengre ned i landinga kan det faktisk hende han hadde landa fint. Med mindre han hadde plukka med seg publikum, dommarar og resten av stadionen etter målgang. Tilhøva i bakken er som ein ser nydelige, med pudder. Dette er jo ein fordel om du tenkjer å lande i oppøvebakke og gjorde nok det faktum at han stilte til start igjen under ein halvtimen seinare noko enklare. Wilson fullføre på kring 23 sekund, so er halvanna sekund under pace tida(tida ein dømmer ut ifrå) på bakken. Hara ruller dei siste par kulan inn i mål på omlag same tid. Han vinker at det går bra medan han plukker opp utstyret og gjer seg klar til neste heat passe nøgd med dagens innsats på kontoret.
– Hvor lang tror du backflipen er?
– Det er cirka 9 meter mellan kulane. Så 35 meter kanskje?
PS: Doble flipper er forbudt i kulekjøring, så hvis Hara hadde landet, hadde han blitt disket.
PPS: Etter dette fallet, gikk Hara opp til start og vant (!) bronsefinalen.
Det er tydelige mål og regler for hvordan en kulekjøringsløype skal være. Illustrasjon: FIS
Les også: I Asbjørns Eggebø Næss' nye bakgård