– No nærmar det seg med stormskritt for Arcteryx Dark Days på Uteplassen i Sogndal.
Frå onsdag til laurdag vil 4 profesjonelle fotografar med kvar sine lag vere ute i det vidstrakte skiterrenget i Sogn og skyte bildar av skikøyring, seier initiativtakar Knut Myking til Fri Flyt.
LES OGSÅ: Lagar eyecandy i Sogndal
Han har fått med seg noen av landets flinkaste i sitt fag både framfor og bak kamera, i tillegg til ein dansk globetrotter.
Desse deltar i Dark Days Photo Challenge 2015:
Fotograf Vegard Breie, med skikøyrarane Trygg Lindkjølen, Karl Kristian Muggerud og Anders Backe.
– Jetsett fotograf i verdsklasse frå Ål, kommenterer Myking.
Fotograf Martin Innerdal Dalen med skikøyrarane Eirik Finseth og Erik Naess.
– Trønder med fototyngde og to småbarnsfedre på slep, seier Myking.
Fotograf Bjørnar Bjørhusdal med skikøyrarane Steinar Nes, Torgeir Henjum og Ivar Løvik.
– Fjellmannen og gartnaren ifrå Jostedalen er lommekjent i området, avslørar arrangøren.
Fotograf Jacob Slot med skikøyrarane Seb Mayer, Jose Carron og Hanna Finkel.
– Jacob er ein globetrotter og skiboms, opprinneleg frå Danmark, men held hus i St. Anton, fortel Myking.
Eventsjefen legg til:
– Dette er fotografar og utøvarar med veldig ulik tilnærming til skikøyring, så det skal bli veldig spanande å sjå dei ulike resultatane. Dommarane vil få ein hard jobb med å kåre ein vinner!
Sogn har fått rekordstore snømengder i år, og nylig påfyll i helga og meir er i vente dei neste dagane. Det ligg godt til rette for fantastiske bildeseriar.
– Laurdag kveld blir det storstilt fest på Uteplassen i Sogndalsdalen med visning av lysbildeshow, kåring av vinnarane, instagramvinnere, tombola, pulserande rytmer og topp stemning, og lysbildeseriane vil sjølvsagt bli publisert på friflyt.no etter helga, seier Myking.
Dommerpanelet består av:
Hans Petter Hval- Redaktør i Fri Flyt
Espen Kristiansen- Videofotograf og altmoglegmann i Field Production
Håvard Nesbø- Fotoguru i Fjellsportfestivalen, journalist i Sogn Avis og NRK Sogn og fjordane.