Årets største dobbel back?

Dylan Siggers frå Fernie i British Columbia set standarden for årets sesongoppsumering.

Sist oppdatert: 3. oktober 2017 kl 15.34
TWEAK: Få kan tweake som Dylan Siggers! Foto: Alric Ljunghager
TWEAK: Få kan tweake som Dylan Siggers! Foto: Alric Ljunghager
Lesetid: 2 minutter

Saman med kameratane sine frå skikollektivet The Burrrlapz har Dylan Siggers (24) sanka i hop ei solid mengd godt skistoff dette året rundt omkring i Amerika. Stoffet har vorte til gjennom filminga til ein tre-delars web-serie der fyrste episode blir sleppt 18. november.

Me tok ein prat med Dylan for å sjå kva som ligg bak stilen og køyringa hans.

– Kva er bakgrunnen din? 

– Skianleggkøyring. Fernie er eit sjukt fjell som har endelaust med naturlege element. Ein haug med cat track hucking går med der! Eg har alltid hatt sjansen til å vere ute i fjellet, då min far arbeidde i skipatruljen og den Canadiske snøskredgruppa, så det var naturleg for meg. Men eg elskar rails også, seier Siggers til Fri Flyt.

Som alle andre skikøyrarar seist sesong, hadde også Dylan sine smellar mellom høgdepunkta.  

– Sesongen føltes ganske treig. Eg hadde ei rar vridning i kneet som sakte forsvann, men innan mars følte eg meg sjølvsikker igjen. Me hadde nokre ville roadtrips der me filma Burrrlapz-materiale. Åpenbare høgdepunkt er megavinteren Fernie hadde, "pløying" var årets ord, haha!

Dylan er kjent for sin evne til å spinne usakleg fort og ha klokkereine tail-grabbs på allslags underlag.

Seist vinter heldt Dylan til ei tid i Nelson, BC, der putelinjene blei filma i den passande sonen Extasy, rett ved White Water. Her hadde han selskap av svenskane i The Bunch, og blant dei fotograf Alric Ljunghager og LSM (Lucas Stål Madison) som også køyrde i lag med Dylan i heimbyen hans Fernie. Me håpar å sjå Dylan flekse ski i lag med svenskane til neste år også.

–Planlegg neste sesong no. Eg håpar å få til noko kult! Lucas og eg er gira på å møtast igjen. Og nokre andre ganske lause idear. Men hovudsakleg er planen å halde seg frisk og behalde så mykje pengar i banken som mogleg!

Dylan har vore å sjå fleire gonger tidlegare, som finalist i Level 1 Superunknown og seist i Line Traveling Circus sin episode TC/BC.

Publisert 3. oktober 2017 kl 15.34
Sist oppdatert 3. oktober 2017 kl 15.34

Relaterte artikler

FALLET: Like før droppet hektet deltageren skien slik at den falt av. Den bratte facen gjorde at hun skled ned fjellsiden.
Junior freeride i Røldal

Dramatisk fall under konkurranse

IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen