Sommertopptur i Sunnmørsalpene - med muligheter for snø
– Nokre nyttar Romedalstinden til seine vårskiturar nettopp på grunn av den nordvende breen og kveldssola som kjem rett inn frå havet. Breen er for så vidt ikkje ein ekte bre, den har i alle fall ikkje sprekker, sjølv om det ofte ligg att ei fonn over sommaren.
FULL LYSSETTING: Midtsommarnatt på Sunnmøre, lyssettaren og scenografen har fått frie tøylar.
Lesetid: 6 minutter
Sunnmørsalpene er full av fine toppturer på våren og sommeren. Her er historien om en sommer med topptur på blant annet Romedalstinden og Middagshornet.
Ei lita bygd ved ein fjord. Småbruk. Artikkelforfattaren driv rundt på tunet og speidar oppover fjellsidene.
FØRSTE AKT
Scene I
23. juni. Det er jonsok. Markeringa for solsnu og minnedag for Døyparen Johannes sin fødsel. Dei fleste er nok meir opptekne av det første enn det siste, helgenfeiringane fekk ein kraftig smell her til lands etter reformasjonen.
Sjølv har eg ikkje førebudd feiringa på verken den eine eller den andre måten, eg er heime på sommarferie og det ligg nokre få snøbrear att i fjella. Dermed går eg i sirkel og speidar oppover fjellsidene.
Scene II
Gammal støyl inst i Romedalen. To parkerte bilar, skiløparar på veg opp gjennom ei grøn bjørkeli.
Tanken kjem ingenstads frå, men slår raskt rot. Romedalstinden. Fjellet har ein nordvend bre, og i dag må vel vere det næraste ein kjem midnattssol på Sunnnmøre. Oppsetninga får ei kort rolleliste, Kaja er igjen den eg tyr til når det gjeld skiturar utanfor sesong.
Nokre nyttar Romedalstinden til seine vårskiturar nettopp på grunn av den nordvende breen og kveldssola som kjem rett inn frå havet. Breen er for så vidt ikkje ein ekte bre, den har i alle fall ikkje sprekker, sjølv om det ofte ligg att ei fonn over sommaren.
Men dette kan ikkje kallast vårskitur. Det er faktisk jonsok.
Vi bær skia 400 høgdemeter opp den bratte lia frå Steinstøylen, ved Brillevatnet brukar ein å kunne starte skituren. I dag må vi eit godt stykke lenger oppover før vi finn heil snø, men merkar oss ein smal passasje som kan brukast nedover.
Scene III
Skaret under toppen. Bratt til alle kantar, spisse sunnmørsfjell stikk opp innimellom skyene.
Vi parkerer skia i skaret og skiftar til joggesko. Herifrå skal vi småklyve langs egga til toppen, og fylgjer det som etter kvart har blitt ein slags sti oppover. Rundt oss driv skyer og skodde, av og til ser vi toppane rundt oss, av og til tetnar det att. Den siste biten frå fortoppen til toppen er luftig, men ein kan trekkje nokre meter ned i sørsida om ein ikkje trivast med å balansere på knivsegga.
Så er vi oppe.
Ein komedie treng heldigvis ikkje vere morosam. Den må berre ha ein lukkeleg slutt. Så vi ventar. Frå å skimte flekkar av blå himmel over oss, synk sola sakte gjennom skylaget, og vi forstår at ho kjem til å bryte igjennom.
For dette er jonsoknatta. Lyset er på veg.
Så skjer det. Vi står på toppen av denne spisse steinkolossen der det knapt nok er plass til to personar ved varden, under oss ligg ein djup avgrunn. På den eine sida er skodda mørk og trugande, på den andre sida er ho nesten guddommeleg gjennomlyst.
Nivlheim og Muspelheim, med Ginunnagapet midt imellom, der gneistar frå Muspeleimen vert til det første liv.
Dette er verkeleg midtsommarnatta.
Scene IV
Skaret under toppen igjen. Oransje lys.
Vi har dukka ned i den oransje skodda idet vi når skaret. Sola er på veg ned no, det er ingen vits å vente lenger, så vi slepp oss nedover. Kaja tolkar rolla si perfekt med nokre store svingar på det øvste snøfeltet, så litt rolegare ned den bratte delen.
Eg fylgjer på, og vi kan sleppe opp igjen i litt slakare terreng under den eksponerte delen. Det vert gradvis mørkare idet vi kjem lenger ned i skodda, snart ser vi berre nokre få meter framfor oss. Under Nivlheim ligg Helheim, så vi må passe på å ikkje gå for djupt.
Men vi greier å finne den smale korridoren vi såg på veg opp, og glir ut på dei siste snørestane nedanfor. Så går sceneteppet ned.
ANDRE AKT
Scene I
Tjukk skodde. Kaja forsvinn nedover. Artikkelforfattaren står att.
Kaja skal på jobb neste dag. Det skal ikkje eg. Og eg har framleis eit håp om at denne oppsetninga ikkje er over. Så medan Kaja forsvinn ned i skodda, legg eg fellane på skia att. Og det viser seg at eg har rett, for dette er på ingen måte over. Stykket har ei andreakt.
Alt slags pakk er visst ute jonsoknatta. Vetter og reier og magiske vesen, vondt og godt har fritt leide. Og med i selskapet er også denne shakespearske djevelen med trylledrikken, Pukk. Den som får av drikken vert forelska i det første ein ser, og han har tydelegvis blanda nokre dråpar i vatnet mitt der nede i skodda. For plutseleg, idet eg igjen stig opp gjennom skodda, ser eg noko som for første gong. Ei fullendt symmetrisk form, rein og klassisk, forførande innehylla i skyer.
Det er Middagshornet. Eit fjell er trass alt betre enn eit esel, som i originalstykket, og ironisk nok er det kanskje ikkje så langt frå sanninga heller for min del. Lurer på kva Kaja får sjå der nede. Oppe i skaret igjen skimtar eg også Kolåstinden, heilt blå gjennom det tynne sløret av skodde. Men drikken har gjort sin verknad og Middagshornet syng mjukt og lokkande i natta.
Scene II
Toppen igjen. Sommarnatt. Heilt stille.
Skodda ligg som eit hav, berre toppane stikk opp, det er fjell så langt auget rekk, og alt er heilt stille. Eg sit på toppen i to timar og ser sommarnatta snu. De er umogeleg å seie når det skjer, for det vert ikkje mørkt, og overgangen er så gradvis.
Men på eit tidspunkt anar eg likevel at det byrjar bli lysare. Månen står opp over Smørskredtindane, gul og lysanse tek han fatt på runda si. Og eg innser at eg óg snart må byrje på heimeveg.
Scene III
Same landskap som i første akt, scene II, berre at no er det natt. Kjøleg og grønt, eit lite raudt telt.
Klokka er fire. Eg er trøytt, så trøytt at eg nesten søv medan eg set opp teltet på ein liten grøn haug ved Steinstøylen. Men eg greier såvidt å ta inn scena. Den kvite nattdisen som ligg mjukt over den grøne sletta i dalbotnen, elva som slyngjer seg sakte nedover i store, rolege svingar. Det er stille, men på ein annan måte enn på toppen.
Stille og trygt. Eg forsvinn ned i soveposen, og lydane frå den mjuke sommarnatta vert svakare og svakare.
Som frå ein midtsommarnattsdraum.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.