- Det var ikkje berre enkelt å ta valet om å flytta frå Oslo, for me elska å bu der. Samstundes var me klare for eit nytt eventyr. Og for å få fjella og friluftslivet rett utanfor døra, seier Tor Henrik Larsen.
For to år sidan pakka han og sambuar Miriam Sturim saman livet sitt, og flytta med dei to borna sine Sverre (6) og Synnøve (3) frå storbyen og til bygda. Leilegheita i Oslo vart bytta mot eit hus med verkstad og garasje på Voss. Og dei har ikkje angra.
– For oss er Voss litt som ein alpeby. Du kan ha vår, sol og varme nede i bygda, medan det framleis er vinter oppe på fjellet – berre ein kort gondoltur unna, seier han.

Ta skitoget til Voss i vinterferien! Togtur, overnatting og heiskort inkludert.
SKILEIK FOR LITEN OG STOR
Tor Henrik og Miriam er prakteksempela på at livet ikkje treng å verta kjedeleg sjølv om du er småbarnsforeldre, og dei er som regel alltid ute på tur med ungane – uansett årstid. Ski har vorte ein stor del av livet til familien, spesielt etter at dei flytta til Voss.
– Eg elskar å stå på ski sjølv, så derfor gjer eg alt eg kan for at borna mine også skal bli glad i det, seier Tor Henrik og ler.
– Men det er viktig at introduksjonen til ski skjer på borna sine premissar. Legg vekk dine eigne ambisjonar, fokuser på skileik i staden for instruksjon, og ha det kjekt. I tillegg til fullt frislepp på godteri, sjølvsagt!
Knallpris på helgepakke i Myrkdalen med hotell, heiskort og middag.
SKI ETTER BARNEHAGEN
Når ungane er ferdig i barnehagen og på skulen, går turen ofte opp i skianlegget Voss Resort for eit par timar på ski med mamma eller pappa.
– Det er ein perfekt ettermiddag for oss. Etter nokre timar på fjellet syklar me gjerne ned til Vossabadet der me avsluttar dagen med eit kveldsbad. Det er det som er så fint med Voss – alt er nært og lett tilgjengeleg, og me
kan bruka tida på det me tykkjer er kjekt i plassen for å stå i kø, seier Tor Henrik.
- Og snør det ekstra mykje, vert det fri frå barnehagen den dagen..

Bestill hytteovernatting i Voss Resort før 1. januar og få 20 % avslag!
TOPPTUR MED DEI MINSTE
Etter å ha budd to år på Voss, har Miriam og Tor Henrik alt funne seg nokre favorittplassar der det er enkelt og kjekt med vinterfriluftsliv for små born.
– «Cluet» er å koma seg raskt og enkelt til fjells slik at ein slepp dei lange tranportetappane, og derfor brukar me skianlegga mykje. I tillegg til Voss Resort, brukar me også Myrkdalen mykje. Her kan den eine
vera i barnetrekket med Synnøve, medan den andre går heisbasert topptur med Sverre. Frå toppen av Kari Traa-heisen kan du gå mot Finnbunuten, eller stå på ski i Vetlebotn eller Storebotn. Her finn du slakt offpiste-terreng
som også egnar seg for born, seier han. For ja – det er fullt mogleg å gå på topptur med born.
– Når me er på topptur går Sverre på langrennsski opp, også har me med snowboard til han i pulken eller på sekken som han står ned med. Så lenge ein tilpassar lengda på turen er det mogleg å få til mykje, seier han.

FAMILIE-CAMP
Eit anna tips til småbarnfamiliar med toppturinteresserte foreldre er å laga ein «camp» når du er ute på tur.
– Voss byr på fantastisk skiterreng og mange flotte turområde, og her vil eg trekkja fram Engjaland som ein perfekt plass. Ein kort transportetappe på nokre kilometer før du er inne i ein fin dal, der der er fint å etablere base. Her kan dei minste kosa seg med bål og aking, og dei vaksne kan bytta på å gå korte toppturar i området. Ein annan fin tur er Mykkeltveitveten, ein familievenleg topp der ein kan stå på ski i ulike himmelretninger.
Perfekt for å finna den beste snøen, og halda seg unna skredterreng, seier han.
Familien har også brukt langrennsanlegget Voss ski- og tursenter i Herresåsen mykje.
– I tillegg til å gå på langrenn har me også hatt mange turar der me har pakka pulken med både ski og brett til vaksne og ungar. Så er det berre å fyra bål og finna ein bakke å leika seg i. Det er nær-friluftsliv på sitt beste!
Sikre deg vinterferien eller påskeferien i Myrkdalen allereie no!
Innsidertips: Slik blir vinterturen kjekk for dei minste
Dra på tur i lag med andre barnefamiliar, gjerne med større ungar enn dine eigne. Om nokon av borna er litt lei eller sliten den dagen, får dei andre ungane dei som regel i betre humør!
Ha utstyr som passar. Det er betre med litt for korte ski enn for lange ski, ikkje tenk at ungane skal vaksa inn i utstyret. Og kjøp gjerne brukt!
Leik! Ta med ski og akebrett/magic carpet til ungane. Dei vaksne kan stå på ski med ein unge i bæremeis, eller kanskje utfordra seg på ein snowskate!
Hugs sjokolade til ungane…og til dei vaksne!