Suksessoppskrifta går ut på å tolerere massivt regnver over to veker med stabile temperaturar på 6-7 grader – då byggjer snøen seg raskt opp frå 700 moh. og oppover. Slik fekk vi det også i år, og i går slo det endeleg til med sol frå skyfri himmel. Då bytta nokre av oss ut jobben med eit par-tre nydelege ettermiddagstimar på Saudehornet.
Nedanfor følgjer nokre bilete som seier litt om dei eksepsjonelt gode snøtilhøva. Legg mellom anna merke til kontrastane mellom den milde hausten i låglandet og kong vinter berre ein liten times gange lengre oppe.
For å illustrere kontrastane yttarlegare, kan eg leggje til at naboen stod i gensaren og slo plenen når eg kom heim!